Naturens verden

Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.

8. mars 2015

08.03.2015 57 min

Korleis snøkrystallar, snøflak og hagl blir til er avhengig av både temperatur, luftpartiklar, fuktigheit og vind. Dette bestemmer også korleis snøen smeltar no når våren etter kvart kjem. Delar av Vestlandet har faktisk ikkje hatt vinter på mange år, men gått rett frå haust til vår! Oppe i fjella kan den vakre snøen forvandle seg til farlege skred, også det på ulike måtar. Vêret er ikkje alltid lett å forstå, men ei barnebok om vêr har fått formidlingspris i Polen. Tove Fugelsnes har meldt seg på ridetur i fjellet, men kan ikkje ri. På Stall Stølan får ho grundig opplæring frå grunnen av. Dagens art er hasselrulav, som veks på stammen på hasseltre. Dei fleste funna i heile verda er gjort i Tingvoll kommune og litt i Flora kommune.

Medvirkende

Gjest:
Anders Sivle
Gjest:
Geir Gaarder
Gjest:
Line Nord Stølan
Programleder:
Monika Blikås
Reporter:
Tove Fugelsnes