Naturens verden

Naturprogram som tar lytterne med på naturopplevelser landet rundt.

1. mars 2015

01.03.2015 57 min

Rundt Mosvannet i Stavanger søv tusenvis av kråker saman i tretoppane om vinteren, vi er der når dei vaknar og begynner å skravle. Etter kvart lettar dei i store svermar for å fly til åkrar og matfat rundt om i heile Rogaland, før dei kjem tilbake til fellesovernattinga om kvelden att. Dei smarte fuglane har store hjernar, og hadde høg status i folketrua før. Men statusen har stupt grunna religion og den store bybrannen i London i 1666… På Lesja blir vi med på ultralydundersøking av sauer, og det er talet på lam i magen som avgjer kor mykje fôr sauen får. Stadig fleire sauer føder både tre og fire lam, eitt av lamma blir då lura bort til ein sau som berre fekk eitt lam sjølv. Dagens art er amasonemaur, som berre er funnen på Skåtøy utanfor Kragerø. Der raidar dei andre maurtuer og skaffar seg slavar.

Medvirkende

Gjest:
Arnstein Staverløkk
Gjest:
Ivar Andreas Hole
Gjest:
Laila Hole
Gjest:
Øyvind Gjerde
Programleder:
Monika Blikås
Reporter:
Tove Fugelsnes