Kulturstripa

Vi snakker om populærkulturen som gir hjertebank, og hjelper deg å velge det som er verdt tiden din.

1. juni 2020

01.06.2020 57 min

Vi høyrer igjen ei tidlegare sending: Fotograf, journalist og forfatter Marius Nergård Pettersen har gitt ut boka "Sove ute", og kjem for å senke terskelen vår for å nettopp sove ute i naturen. Når skodespelarar leverer på det nivået som Hugh Jackman og Allison Janney gjer i filmen «Bad Education», så kan handlinga nesten vere kva som helst. Torkil kjem og anbefaler eit spinnvilt drama frå skuleadministrasjonsmiljøet, basert på ei sann historie. Artisten Bendik synest det å synge og lage sangtekster på si eiga dialekt gjer det ho vil fortelje meir poetisk. Vi skal ta eit djupdykk i tittellåta på hennar siste plate, «Sove». Det vert både mobilopptak, gråt og postrock-gitarar. Quincy Jones er ein av verdast største produsentar, og har stått bak legendariske plater med mellom anna Frank Sinatra og Michael Jackson. Dottera hans, Rashida Jones, har laga ein dokumentar som viser oss eit annleis og nært bilete av den levande legenden, som viser seg å vere eit så heftig arbeidsjern at det ikkje berre resulterer i gull, men det går også utover helsa.

Medvirkende

Gjest:
Marius Nergård Pettersen
Gjest:
Bendik
Gjest:
Silje Halstensen
Medvirkende:
Torkil Risan
Omtalt:
Allison Janney
Omtalt:
Frank Sinatra
Omtalt:
Hugh Jackman
Omtalt:
Michael Jackson
Omtalt:
Quincy Jones
Omtalt:
Rashida Jones
Produsent:
Jean Christine Cena
Programleder:
Mona B. Riise
Reporter:
Hilde Bjørnskau