Guten med bronseøksa

Høyrespel for born etter ei bok av Kathleen Fidler. Handlinga går føre seg i og omkring steinaldergrenda Skara Brae for om lag tre tusen år sidan. Heime hos steinhoggaren og hovdingen for Skarastamma, Birno, er dottera Kali og sonen Brockan vakne. Dei ligg under saueskinna i steinsenga og høyrer på havsuset og fugleskrika. Denne dagen vil dei vasse ut til skjera med dei store albogeskjela som smakar så godt. Syskena finn så mykje skjel at dei gløymer å koma seg inn før tidevatnet kjem. Ein framand gut i ein underleg båt bergar dei, og dei trur at han er ein havgud. Men jamvel om Tenko, som han heiter, er eit vanleg menneske, kjem han frå ein stad der livet er annleis enn i Skara Brae. Han slår seg ned hos Skarastamma, men ikkje alle set pris på Tenko og idéane hans. Instruktør: Knut Andersen. Teknisk regi: Terje Hellem.

1. Den framande frå havet

07.05.1983 27 min

For tre tusen år sidan gjekk ein gut og ei jente ut over skjæra på Orknøyane for å hente skjel og krabbar. Tidevatnet overraska dei, men rett før byljene tok dei, kom ein gut frå havet og berga dei. Tenko hadde kome til Skara, og med seg hadde han ei merkeleg øks. I rollene medverkar bl.a.: Are Sørlie (Brockan), Øystein Wiik (Tenko) og Marianne Krogh (Kali).