Gunnar frå Lidarende

Høyrespel i ni delar dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Frå busetjinga på Island tok til for alvor omkring år 900 og til kristendomen vart offisiell religion eit hundreår seinare, var sagaøya i vest skodeplass for alle dei blodige hendingane ættesogene fortel om. Sogene vart først skrevne ned på 1100-1200-talet av munkar, prestar og andre skriveføre. Njåls saga er den lengste av alle dei gamle islandske sogene, og Gunnar frå Lidarende er ein av hovudpersonane. Teknisk regi: Viktor Sandal. Forteljar: Harald Heide Steen. Innleiing ved Tormod Skagestad. Annonsering ved Sigmund Groven.

8. Bakhaldet ved Knavaholar

21.09.1973 26 min

Gunnar er mektig, men har òg mektige fiendar. Ved Knavaholar vil dei drepe han - tretti mann mot tre. I rollane medverkar bl.a.: Bjørn Jenseg (Otkjell), Gisle Straume (Geir Gode) og Ole-Jørgen Nilsen (Torgeir).

Medvirkende

Produsent:
Viktor Sandal
Regissør:
Tormod Skagestad
Skuespiller:
Eilif Armand
Skuespiller:
Harald Heide Steen
Skuespiller:
Kjell Stormoen
Skuespiller:
Magnus Tveit
Skuespiller:
Odd Furøy
Skuespiller:
Ole-Jørgen Nilsen
Skuespiller:
Ragnhild Hilt
Skuespiller:
Tom Tellefsen
Skuespiller:
Øyvind Øyen