Gunnar frå Lidarende

Høyrespel i ni delar dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Frå busetjinga på Island tok til for alvor omkring år 900 og til kristendomen vart offisiell religion eit hundreår seinare, var sagaøya i vest skodeplass for alle dei blodige hendingane ættesogene fortel om. Sogene vart først skrevne ned på 1100-1200-talet av munkar, prestar og andre skriveføre. Njåls saga er den lengste av alle dei gamle islandske sogene, og Gunnar frå Lidarende er ein av hovudpersonane. Teknisk regi: Viktor Sandal. Forteljar: Harald Heide Steen. Innleiing ved Tormod Skagestad. Annonsering ved Sigmund Groven.

3. Den unge Gunnar

17.08.1973 34 min

No kjem Gunnar sjølv inn i handlinga. Med list får han ei mengd gods ut av brørne Hrut og Hoskuld, sidan frir han til den vakre dottera til Hoskuld, Hallgjerd. I rollane medverkar bl.a.: Odd Furøy (Gunnar), Svein Erik Brodal (Hrut) og Tor Stokke (Hoskuld).

Medvirkende

Produsent:
Viktor Sandal
Regissør:
Tormod Skagestad
Skuespiller:
Alf Malland
Skuespiller:
Finn Kvalem
Skuespiller:
Frøydis Armand
Skuespiller:
Harald Heide Steen
Skuespiller:
Knut Husebø
Skuespiller:
Magnus Tveit
Skuespiller:
Nils-Ole Oftebro
Skuespiller:
Odd Furøy
Skuespiller:
Per Jansen
Skuespiller:
Rut Tellefsen
Skuespiller:
Svein Erik Brodal
Skuespiller:
Tor Stokke
Skuespiller:
Øyvind Øyen