Seriebeskrivelse

Kriminalhøyrespel i tre delar av Edward Boyd. Ein dag reddar Talion ein ung gut ut av drepande klør. Guten er ein ungdom av vanleg internasjonalt merke, med hår og skjegg og alternativt levevis, så Talion køyrer han til Balphin House, der det bur eit kollektiv. Og det er her handlinga kjem i gang for alvor, for det er kvasse tenner og vaktsame auge som ventar på den illusjonslause helten vår i dette huset. Omsett av Arvid Torgeir Lie. Instruktør: Finn Kvalem. Teknisk regi: Odd Asbjørn Ekseth. Annonsering ved Jan Pande-Rolfsen.

Episodebeskrivelse

Eit avhogd hovud inne i ein telefonkiosk ... Eit gjenferd, eller kanskje ein religiøs galning som blir halden gøymt, inne i huset, på flukt for eit eller anna ... Og Jason, pornohandlar og livssynsidealist, ein mann som har klart for seg kva neste trekk skal bli ... I rollane medverkar bl.a.: Ragnhild Nygaard (Jenny), Jens Bolling (overkonstabelen) og Arne Lie (McAllister).

Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P1 · Lørdag 1. juli 1978 kl. 11:30
Siste gang sendt:
NRK P1 · Lørdag 1. juli 1978 kl. 11:30
Produksjonsår:
1978
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
28min 1s