Friluftsmagasinet

Jakt, fiske, natur og miljøvern.

28. april 2018

28.04.2018 55 min

Friluftsmagasinet er på besøk hjå jentene i Moss og omegn Jeger og Fiskerforening. Dei gjer som gode jegarar skal, og trenar mykje med hagla utanfor jaktsesongen. Men sjølv om dei tek treninga på alvor, så kan ein ha det moro, og det blir flira og ledd minst like mykje som det blir skote når det er jenteskyting på leirduebanen. I dag skal me og til Hemne i Trøndelag, der Tove Fugelsnes får høyra meir om ein radar som observerer fuglar rundt høgspentmastene. Kan merking av linene få fleire fuglar vekk frå spennet? Me skal og vest i havet, der det til hausten blir forsøksfiske etter makrellstørje, denne giganten av ein tunfisk som kanskje er det sprekaste det går an å ha i enden av eit fiskesnøre...

Medvirkende

Gjest:
Gro Stene
Gjest:
Øyvind Fjeldseth
Programleder:
Helge Søfteland