Fregattar i fjorden

Hørespill for barn og ungdom i fem deler av Johannes Heggland. Handlinga er henta frå ufredsåra 1807-1814 - ei mørk og tung tid for landet vårt. Danmark-Noreg er i krig både med England og Sverige, og nordmennene må verje seg mot svenskane inne i landet og mot britane ute ved kysten. Instruktør: Per Christensen. Teknisk regi: Aage Sandaker. Sendt i Lørdagsteatret i Barnetimen.

1. Ufredsbod

Sesong 1 · 25 min

Ungguten Omon bur på garden Husa i ei lita grend ut mot havet. Vi fylgjer han i mange spanande hendingar i ufredstid. Med: Finn Kvalem (Forteljar), Ole-Jørgen Nilsen (Omon), Mari Maurstad (Ådel), Astrid Folstad (Kaja), Rolf Søder (Endre), Bjørn Skagestad (Hallstein), m.fl.

Mer informasjon

Tilgjengelig fra:
30. januar 2020 kl. 00:00
Tilgjengelig til:
Alltid tilgjengelig
Produksjonsår:
1973
Lengde:
25 min