Folkemusikktimen

Vi snakkar om folkemusikken i Noreg til alle tider og møter unike folk som er lidenskapeleg interessert. Noregs lengstlevande radioprogram.

Pål Skogum – lite brukte slåttar frå Ottadalen

26.02.2023 57 min

I 1987 gjesta felespelar Pål Skogum frå Lalm NRK. Denne dagen vart det spela inn lite brukte slåttar frå Ottadalen i Gudbrandsdalen. No får me høyre opptaka på nytt slik dei vart presentert i Folkemusikkhalvtimen som det hette den gången. Rasmus Stauri, som var programleiar i 1987, gjestar også Folkemusikktimen der han mimrar frå opptaksdagen i juni 1987.

Medvirkende

Gjest:
Rasmus Stauri
Musiker:
Pål Skogum
Programleder:
John Ole Morken