Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane i dag

27.05.2021 2 t 50 min

700 elevar i Sunnfjord fekk ikkje møte på skule i Førde i dag på grunn av lærarstreiken. I dag varsla også kunnskapsministeren at munnleg eksamen for både 10. klasse og vidaregåande skule vert avlyst. Sogn og Fjordane fotballkrins fyller 100 år i år. No leitar dei etter gamle bilete og filmopptak som syner fotballhistoria i gamlefylket. Trine Lerum Hjellhaug har brukt litt av pauseåret sitt frå jobben som administrerande direktør i Lerum til å lage blogg. Ho vil gjerne dele sine erfaringar om leiing og berekraft. Eit knippe geologar har i dag vore på synfaring i fjella rundt Jølster for å få kunnskap som dei håpar skal verne Noreg betre mot skred i framtida.Tone Merete Lillesvangstu står i studio. Vil du sende platehelsing, nyttar du e-post sf@nrk.no eller send ein SMS til 1987 med kodeord sf.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu