Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God morgon Sogn og Fjordane

30.03.2021 2 t 35 min

Du høyrer God morgon Sogn og Fjordane med programleiarane Solveig Svarstad og Raymond Lidal. Har du planar om å tilbringe sommarferien på fire hjul i ein bubil? Då er du slett ikkje aleine, for både bubilseljarar og campingplassar merkar større pågang. I Høyanger vil Statkraft rive over 100 år gamle trapper. Dei har ikkje råd til å halde ved like kulturminnet, noko som gjer fleire forbanna. Ute er det grått og påska blei kanskje ikkje heilt slik mange av oss hadde tenkt. I dag får du tips til korleis du kan gjere det beste ut av å vere inne i ruskevêret. Kva med brannøving, strikking eller ei god bok? Send oss gjerne eit påskebilete eller ei melding. Send meldinga til 1987 med kodeord SF.

Medvirkende

Programleder:
Solveig Svarstad