Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane i dag

16.09.2020 2 t 51 min

Kronprinsparet er nett no på besøk i Florø der dei mellom anna besøkjer det nye gamingrommet på ungdomsklubben Haffen. I Klassequizen er turen i dag komen til Hafslo barne- og ungdomsskule i Luster. Når skodespelar Thea Lambrechts Vaulen står på scena i Peer Gynt, spelar ho tre av rollene i stykket. Kor lett er det å komme seg rundt dersom ein sit i rullestol? Det fekk formanskapet i Gloppen teste ut i dag under mobilitetsveka. Torbjørn Vereide overlevde Utøya - no siktar han mot Stortinget. Tone Merete Lillesvangstu står i studio. Vil du sende platehelsing, nyttar du e-post sf@nrk.no eller send ein SMS til 1987 med kodeord sf.

Medvirkende

Produsent:
Fredrik Johan Helland
Produsent:
Solveig Svarstad
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu