Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane i dag

28.02.2020 2 t 50 min

HURRA! Det er fredag! Det betyr at du skal få bryne deg på musikkquiz! Bryne seg skal også Hauge skule i Bremanger når dei skal i elden i Klassequizen. I morgon er det skotårsdag. Korleis er det å ha bursdag 29. februar, ein dato som berre opptrer kvart fjerde år? Doris og Steinar har valt å gifte seg på skotårsdagen, og giftarmålet det skal stå til sjøs på ferja "Losna". Finn-Erixs er i Sogn med det dei meiner er verdas første basarturné. Lurer du på kva du skal diske opp med i helga? Vi skal få tips frå OL-vinnarane i kokke-OL. Tone Merete Lillesvangstu er på plass i studio og ønskjer deg ein knakande fin ettermiddag. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu