Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

27.06.2019 · 2 t 57 min

God ettermiddag, Sogn og Fjordane! I dag kom meldinga om at BKK trekkjer anken til Høgsterett i samanb med striden om førkjøpsrett til aksjane i SFE. Fylkesordførar Jenny Følling og fylkespolitikarane får dermed dele ut kraftaksjar til kommunane. Kristina Osland Lavik trudde ikkje på det då ho fekk e-post om at artikkelen ho hadde skrive var kåra til årets beste av eit psykologi-tidsskrift - men det synte seg å vere sant. Då Marit Bøen møtte kjærleiken på Ornes i Luster fekk ho Urnes stavkyrkje med på kjøpet. Etter 40 år som tilsynshavar i kyrkja har ho no sleppt nye krefter til. I studio står Tone Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Mer informasjon

Tilgjengelig fra:
27. juni 2019 kl. 14:03
Tilgjengelig til:
27. juni 2029 kl. 17:00
Produksjonsår:
2019
Lengde:
2 t 57 min

Medvirkende

Produsent:
Solveig Svarstad
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu