Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

29.05.2019 2 t 49 min

God ettermiddag, Sogn og Fjordane! Mange vakna til nysnø i dag tidleg, og på fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen har det vore krevjande køyreforhold. Vi oppdaterer deg på føreforholda både i låglandet og på fjellovergangane. Aina Drage har vore mobbeombod i Sogn og Fjordane i knapt eit år. Kva erfaringar har ho gjort seg? I ein bitteliten Mitsubishi colt til ein verdi av 5.000 kroner har kompisane Mikkel Tefre og Vegard Ytrøy tenkt å gjennomføre eit 22.000 kilometer langt rally. Natt etter natt har Anders Vassli Brekke frå Vik øvd på kyrkjeorgelet i Nidarosdomen for å vere klar til bachelorkonserten sin 4. juni. I kveld held han generalprøve på det splitter nye kyrkjeorgelet i Stedje kyrkje i Sogndal. Tone Merete Lillesvangstu står i studio og lovar god fredagsstemning. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu