Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

13.06.2014 · 2 t 49 min

Der var vi plass igjen, med tre timar ettermiddagssending! Det er fredag, sola skin og temperaturen skal ein veg, opp. Dermed er det berre å legge beina på bordet etter endt arbeidsveke og slappe av med lokalradioen din. Og vi kjem med gladbodskap i dag. For Eirik Bakke er ny trenar for Sogndal og vi har snakka med han om kva planar han har fo rlaget. Og så har vi sendt Eldgrim Fossheim ut på fiske i Jølster der aurefiskefestivalen skal i gong. Om det vart fisk får du vite etter kvart. I tillegg dukkar Liv Signe Navarsete opp, spente nederlendarar og ein kar som sa opp jobben for å leve av musikken sin. Velkommen til sending folkens!

Mer informasjon

Tilgjengelig fra:
13. juni 2014 kl. 14:03
Tilgjengelig til:
10. desember 2014 kl. 17:00
Produksjonsår:
2014
Lengde:
2 t 49 min