Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

27.12.2017 2 t 48 min

God romjulsettermiddag Sogn og Fjordane! Håpar du har hatt fine, late juledagar! Tippar du har lagt bak deg nokre tunge julemåltid! Kanskje er det på tide med ein fiskemiddag? Vi gir deg ei super oppskrift på juletorsk. KrF-politikar Tore Storehaug fekk ein litt annleis haust enn han hadde tenkt etter valet. Ølbrygging er i vinden som aldri før - vi ser litt på både nye og gamle tradisjonar. Filmen "Den 12. mann" hadde premiere like før jul - vi har snakka med etterkommarane av ein av dei som omkom i den dramatiske sabotasjeaksjonen i Troms i 1943. Mange veit å nytte romjulsdagane godt no når det ligg snø i nesten heile fylket - vi møtte fleire som kosa seg i Sogndal skisenter. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu