Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

20.12.2018 2 t 48 min

Velkommen til ettermiddagssending på NRK Sogn og Fjordane. Det tørre, fine haustvêret har ført til at faren for lyngbrannfare er stor, trass i at vi er i desember. Er du ein av dei som trivst med eit godt, lokalhistorisk blad mellom hendene? Då er du ikkje åleine. lokalhistoriske magasin er i vinden som aldri før. Kjenner vi på eit større behov for å bevare fortida for framtida? Fellesnemnda for Vestland gjekk i går inn for at det nye fylket ikkje skal praktisere fritt skuleval. AUF og Unge Høgre tek debatten like etter klokka 15. 1300 born i Sogn og Fjordane får juleglede frå Røde Kors i år. Talet aukar år for år, og stadig fleire born veks opp i ein heim med varig låg inntekt. Veit du kva du skal gjere for å unngå at julestjernene visnar og døyr før julaftan kjem? Eller korleis du skal få sviblane til å vare ekstra lenge? Vi gir deg alle tipsa du treng for å halde liv i juleblomane - heile høgtida! I studio står Tone Merete Lillesvangstu.Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Stein Aase
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu