Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

15.12.2017 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Hurra, det er fredag! Skulelevar i Måløy saknar kvinnelege førebilete i næringslivet. Difor skipar dei til næringskonferanse med fokus på sterke kvinner på nyåret. I dag er det nøyaktig 100 år sidan første prøvenummer av avisa Firda kom ut. Vi har besøkt jubilanten. På landsbasis går talet på elevar som droppar ut av vidaregåande skule ned, men sju fylke, mellom dei Sogn og Fjordane, opplever ein auke. Styret i Helse Førde sit no samla for å ta stilling til kuttframlegga som må til for å få budsjettet i hop. Vi oppdaterer deg fortløpande. Dei fleste tek med jamne mellomrom med seg borna til familiefotograf - men visste du at mange gjer nøyaktig det same med hundane sine? I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu