Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

13.12.2017 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! I dag er det Lucia-dagen, og tradisjonen tru har det vore Lucia-tog både i barnehagar og skular. Vi drog på besøk til Slåtten skule for å høyre om borna kjenner til kvifor vi feirar Lucia. I kveld har dokumentarfilmen om fotograf Thomas Morel premiere. Den prislønte fotografen har også ei mørk side - nokon gonger tek depresjonane heilt over. Han er gjest klokka 14.30. Renate Håvåg brukar førjulstida for å sikre dei som ikkje har råd til å feire jul, ei fin jul. Grunnen er at ho veit så inderleg godt korleis det kjennest å ikkje ha råd. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu