Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

01.12.2017 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Eksluderer vi eldre ved å digitalisere alt? I går vart det klart at pensjonistar frå 1. juli neste år kan få pensjonsslippen sin på papir. Eldre-general i Sogn og Fjordane, Per Kjelstad, tykkjer det er viktig. Han er gjest 14.30. I Luster driv ein gjeng med karar på med ein idrett som gjer dei råsterke. No konkurrerer dei på topp i Norge. Dagleg leiar ved Lerum, Trine Hjellhaug Lerum har mange jarn i elden. Og så brenn hjarta hennar for Sogndal - både fotballaget og bygda. I dag er det røykvarslar-dagen. Har du hugsa å skifte din? Tradisjonen tru er første helga i desember ei helg for både julegateopning og førjulskonsertar. Vi gir deg oversikta. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Stian Sjursen Takle
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu