Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

14.11.2017 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! På Sandane held 87 år gamle Kristen Henden koken - kvar morgon står han for opning av den 97 år gamle sportsbutikken. Korleis må skulen endre seg for at elevane skal vere budde på den kompetansen som samfunnet treng i framtida? Skulesjef i Førde, Helge Sæterdal og Yngve Lindvik frå Learn Lab blir med for å gi nokre innspel. I Gaular vert skuleborna drilla av brannvesenet på kva dei skal gjere dersom det brenn - denne opplæringa har dei drive på med i 30 år. Rullestolbrukar Tord Are Meisterplass var lei av at han var avhengig av helsepersonell for å få gjort toalettbesøk - difor fann han på eit nytt hjelpemiddel. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Erlend Blaalid Oldeide
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu