Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

15.10.2018 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Vi har lagt bak oss ei regnvåt og for mange dramatisk helg. Både i indre Sogn og i Nordfjord har elvar gått over sine breidder og teke nye far. Dei enorme vassmassane har gjort mykje skade på både avlingar og hus. Dette får konsekvensar spesielt for bøndene som har mista mykje fôr i flaumen. Om seks dagar er det klart for årets TV-aksjon. Aksjons-leiar i Sogn og Fjordane, Oddrun Midtbø, blir med for å oppdatere på status nett no. Dag Nestegard debuterte førre veke med sin aller første roman, Songen frå Toledo. Boka vert beskriven som ei kjærleikserklæring til arabisk kultur. I studio står Tone Merete Lillesvangstu.Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Erlend Blaalid Oldeide
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu