Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane i dag

30.09.2020 2 t 50 min

I Hyllestad er det slege full korona-alarm etter at det i løpet av veka er påvist fire tilfelle av covid-19 i kommunen. Mellom anna stengjer verftet Havyard ned aktiviteten for å få kartlagt situasjonen. Bjordal skule har høge ambisjonar i Klassequizen. Om dei når målet sitt, får du høyre klokka 14.30. Per Àki og Theodor Kvikne inviterte i sommar norske talent til treff i Balestrand. Det har resultert i Balestrand badeklubb. Kva det er, får du vite like etter klokka 15. I går kom nyheita om at det nye partiet Sentrum ser dagens lys. Tidlegare KrF-ordførar Stein Robert Osdal blir med i sendinga for å fortelje kvifor han melder seg inn i Sentrum. Tone Merete Lillesvangstu står i studio. Vil du sende platehelsing, nyttar du e-post sf@nrk.no eller send ein SMS til 1987 med kodeord sf.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu