Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

18.09.2017 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! I dag starta rettssaka etter brannen på Selje hotell - vi gir deg rapport frå første dag i tingretten. Kva er status for Sogndal fotball no? Sogndal-kommentator Arve Uglum blir med for å analysere stoda etter tapet i helga. Forfattar Olaug Nilssen har hausta flotte kritikkar for si siste bok Tung tids tale - ei sjølvbiografisk bok om autisme - ho er gjest etter klokka 15.30. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu