Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane i dag

18.09.2020 2 t 50 min

Hurra! Det er fredag! Visste du at årets strandryddeveke er i gang? Vi blir med på Myresanden i Stad der dei har meir enn nok å hengje fingrane i. Fredagsgjesten Vårin Ness har siste to åra spelt proffotball i serie A i Italia. I fjor sommar vart ho diagnostisert med ei aneurisme i hjernen, ei tikkande bombe. Heldigvis vart ho operert i tide. I dag er Vårin med og fortel om vegen vidare. Norges Fotballforbund meiner dei ikkje har noko anna val enn å avlyser resten av sesongen for breiddefotballen. Vi tek ein prat med fotballfolket om kva dei tykkjer om den avgjerda. Fredag betyr musikkrebus, så hald deg klar til dagens oppgåve. Ha ein knakande fin fredag! Tone Merete Lillesvangstu står i studio. Vil du sende platehelsing, nyttar du e-post sf@nrk.no eller send ein SMS til 1987 med kodeord sf.

Medvirkende

Produsent:
Benedikte Grov
Produsent:
Solveig Svarstad
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu