Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

12.08.2016 45 min

God ettermiddag! Mange utfordrar skjebnen ved å legg ut på tur i høgfjellet i ruskeveret. Snø, kulde og dårleg sikt gjer tilhøva i sommarfjellet livsfarlege. På Skåla måtte arbeidarar ved hytteprosjektet, på toppen fylje belgiske turistar nedatt frå fjellet i dag. Byggeleiar på Skåla, Bjørn Vike, kallar det dei vågale turane for galskap. I Høyanger er eit klasserom fylt til randen sjølv om det enda er sommarferie. Forskarfabrikken har nemleg sommarskule i industribygda. Du skal også høyre om litt av det som skjer av arrangement i fylket denne helga, medan vi ventar på at sommaren skal komme igjen neste veke.

Medvirkende

Programleder:
Stein Aase