Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

04.08.2016 2 t 48 min

Velkomen til lokalsending frå Nrk Sogn og Fjordane Å finne ein ny kjøpar til Fjord 1 kan fort bli utfordrande, seier transportforskar. Gisle Solvoll meiar at konkurransetilsynet sitt nei til Torghatten sitt kjøp av Fjord1 betyr at ingen av dei store transportselskapa får kjøpe Fjord1. Vi skal til ei bedrift i Hornindal som har vakse seg stor på produksjon av geværskjefte. GRS Riflestock har 17 tilsette og har auka salet med 40 prosent så langt i år. Så er det heile 10 finaleskytingar med kåring av både skyttarkonge og prinsesse i dag. Diverre er det ingen frå fylket i Kongelaget, men elles markerar skyttarar frå fylket seg i dei fleste andre finalane. Elles skal vi innom Norway-cup. Vi skal til landsfestivalen i gamaldans i Luster, og så kjem ei av mektigaste kvinnene i norsk motebransje i studio.

Medvirkende

Programleder:
Stein Aase