Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

24.07.2013 2 t 49 min

God morgon Sogn og Fjordane! Velkommen til tre timar med lokalradio frå fylket med musikk, nyheiter, vêroppdatering og gode historier. Politiet ber oss om å ta omsyn til turistar som ferdast i trafikken. Men det er ikkje alltid like enkelt. UP tek fleire fartssyndarar enn nokon gong, og turistane sjølve seier dei prøver så godt dei kan å halde seg til vårt køyremønster. Og i denne sendinga skal vi på ein liten sommartur i Nordjford og startar på Byrggja med makrellfiskarar, deretter reiser vi til Måløy og så endar vi opp på sanden i Selje der det er fullt av solslikkande folk. Bøndene bør få behandle dyra sine sjølve, er eit utspel som kom tidlegare i dag. Framstegspartiet støttar dette, men kva seier Senterpartiet og korleis er det andre stader? Vi får Erling Sande i prat med veterinær Anne Viken. Og midt i verste ferierushet opplever fleire turistar at dei ikkje har nettilgong i fylket. I Briksdalen er det ille, og vi sjekkar ut kvifor det er slik og kva som kan gjerast. Du får også reisetips frå oss og vi skal til Via Ferrata i Loen. Ingen grunn til å ikkje ha radioen på denne onsdagen med andre ord!

Medvirkende

Produsent:
Silje Guddal