Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

14.07.2014 2 t 57 min

Riktig god måndagsettermiddag godt folk! Vi skal innom mykje forskjellig dei komande tre timane og håpar du slår følgje. Vetti gard i Årdal har vore ope for turgåarar sidan 1870-talet, men i sommar er det stengt og vi skal finne ut kvifor. Marino Ask dukkar opp og fortel om at folk er elleville etter å komme seg ut på tur i sommarfylket - han har tips og råd om flotte turar Magne Dvergsdal har jobba som tannlege i 50 år, men han har ikkje tenkt til å pensjonere seg sjølv om han no er blitt 76 år gamal.- Nyleg bestilte han seg nye maskiner på kontoret i Førde til 1 million kroner. og ei av tidenes krimgåter er blitt teater - det handlar om ei kvinne,mange menn og store pengar. Og sjølv om det er ferie, klarer ikkje politikarane våre å halde seg i ro. I dag tek vi debatten mellom Jenny Følling, Bjørn Lødemel og Alfred Bjørlo om kven som gjer mest for å trygge interessene til Sogn og Fjordane på stortinget. Det er også sendt ut OBS-varsel for det skal kome enorme mengder nedbør på få timar. Vi oppdaterer deg på siste nytt og lovar god musikk gjennom ettermiddagen!

Medvirkende

Programleder:
Eli Eikenæs Vengen