Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

10.07.2018 2 t 49 min

God ettermiddag! Håpar du nyt dagen, anten du har fri eller er på jobb! Øyvind Løkling tenkte i mange år at det var pussig at ingen i Norden hadde funne på å lage kremlikør, sidan landa har nok av både sprit og fløyte. Difor tok han skeia i eiga hand og laga likøren Fjording. Bønder over heile fylket fortvilar over det flotte sommarvêret. Førsteslåtten vart dårleg, og no ligg andreslåtten an til å bli like dårleg. I tillegg merkast tørken godt også på utmarksbeite. Assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær blir med i sendinga for å gi gode råd. På Breim i Gloppen står bygda på hovudet for å ta i mot tusenvis av besøkjande til Norsk countrytreff som startar i morgon. Ferske tal syner at bubilturismen aukar i heile landet. Det merkast godt også i Sogn og Fjordane. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu.Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Erlend Blaalid Oldeide
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu