Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

27.06.2018 2 t 48 min

God ettermiddag! I kveld er det moglegheiter for sambafotball når Brasil møter Serbia i VM. Brasilianske Rosa Amundsen på Jølster har nervane i heilspenn før kampen. To forskarar ved Vestlandsforsking har forska på om dataspel kan fremje integrering for invandrarungdom. Utkantkommunane står i fare for å kollapse, syner folketalsframskrivinga til SSB. Kva skal til for å snu forgubbingskrisa? Gro Rukan i Kunnskapsparken har fleire tankar om det. Stadig færre bedrifter tilbyr ungdom sommarjobb. Ungdomssekretæren i LO, Torbjørn Vereide, meiner sommarjobb er viktig for utviklinga til ungdommen. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu.Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Erlend Blaalid Oldeide
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu