Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

15.06.2018 2 t 49 min

Hurra, det er fredag! I Florø er dei klar til eitt av årets høgdepunkt, både Sildabord og Kinnspelet. Vi tek pulsen like før det heile startar. Nye Vestland er eit faktum, og det er også krangelen om pengane som Sogn og Fjordane tek med seg inn i forholdet. I dag hadde fellesnemnda møte, vi gir deg siste nytt derifrå. Rune Haugsdal er den nye fylkesrådmannen som skal skape fred og forsoning mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. Han har i går og i dag vore på signingsferd i fylket for å bli kjend med undersåttane sine. Dette og mykje meir får du i dagens sending. Har du ein spesiell song som set deg i helgestemning? Ønsk deg ein song, då vel! Send ein SMS til 1987 med kodeord sf, og skriv songtittel og gjerne artist. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu.Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Erlend Blaalid Oldeide
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu