Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

14.06.2018 2 t 48 min

God ettermiddag! Kjem Kinn til å havarere som kommune? Eller vert kommunen beståande av Vågsøy og Flora ein realitet? Dèt skal kommunestyret i Vågsøy bestemme seg for i dag. Kven er det som vitjar Jostedalsbreen nasjonalpark? Og kva meiner dei om det dei får sjå og oppleve. Det får vi svar på i ei rykande fersk brukarundersøking der over 17.000 personar har svart. I Geiteryggtunnelen øvde naudetatane i dag på tunnelbrann. Politiet har lagt bak seg ei veke med ekstra mange ruskontrollar. No har leiaren for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, bestemt seg for at politiet i fylket skal halde fram fokuset på rus heile sommaren. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu.Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Erlend Blaalid Oldeide
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu