Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

14.06.2017 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Fylkestinget held fram tingsetet i Loen i dag - me gir deg siste nytt derifrå. Kringkastingsorkesteret kjem til fylket i september - no har dei bestemt kva ønskjesongar dei vil spele. Inge Fænn gir seg etter 17 år som leiar i Sogn og Fjordane skikrins, han er gjesten vår i dag. I Fjordane tingrett er saka mot ein tidlegare sjef i fylkeskommunen som er tiltalt for grov økonomisk utruskap i gang - me oppsummerer kva som kom fram i retten. Dette og mykje meir får du i dagens sending. Håpar du har ein finfin dag! I studio står Tone Merete Lillesvangstu. Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu