Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

08.06.2015 · 2 t 49 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! I dag skal vi ta deg med på tur til Jostedalen og elevar der elevane i 5.-7.klasse ved Jostedal skule hatt eit omfattande prosjektarbeid om "Vasskraft i Jostedalen" der dei mellom anna har laga ein stor 3D-modell av Jostedalen i isopor. Og vi skal til skulen i Aurland som har fokus på økologisk drift. Dei har fått dekka inn store deler av pengebehovet sitt for å kunne drive vidare. Akkurat no er det eksamenstid, og vi er med som floge på veggen. Vi tek også turen til Nordfjord i dag for å høyre diskusjonane der om korleis dei skal møte dei nye utfordringane med storkommune. I løpet av dagen har det føregått store ting på vegane. 144 hjul på ein bil har vore ein liten del av prosjektet med å flytte ein transformator på humpete vestlandsvegar. Dette og mykje meir i lokalradioen din i dag!

Mer informasjon

Tilgjengelig fra:
8. juni 2015 kl. 14:03
Tilgjengelig til:
5. desember 2015 kl. 17:00
Produksjonsår:
2015
Lengde:
2 t 49 min