Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane i dag

16.06.2021 · 2 t 57 min

Kongen og Dronninga held fram det offisielle besøket sitt i Sogn og Fjordane. I dag er turen komen til Hyllestad der dei mellom anna skal vitje skipsverftet Havyard Leirvik og Kvernsteinsparken. Har du få planar i veke 27? Då har Førdefestivalen bruk for deg. Lars Rørbakken er for mange kjend som strongman. Fredag skal han prøve seg på ei heilt ny utfordring. Han skal nemleg sykle 8848 høgdemeter utan sømn, noko som betyr sju gonger opp og ned Aurlandsfjellet. Verksemda Hafkraft i Deknepollen satsar no på å elektrifisere oppdrettsnæringa. Tone Merete Lillesvangstu står i studio. Vil du sende platehelsing, nyttar du e-post sf@nrk.no eller send ein SMS til 1987 med kodeord sf.

Mer informasjon

Tilgjengelig fra:
16. juni 2021 kl. 14:03
Tilgjengelig til:
Alltid tilgjengelig
Produksjonsår:
2021
Lengde:
2 t 57 min

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu