Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

01.06.2018 2 t 48 min

God fredag ettermiddag på årets første sommardag! Laksefisket starta ved midnatt, og vi blir sjølvsagt med på fisketur. I Førde bur dei seg på Kulturnatt, og musikkskulerektor Trude Skarvatun, har ein rikhaldig meny å by på. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vitjar i dag Stryn, der dei også bur seg på helgas Motorfestival. Mange stadar er det allereie innført vatningsforbod. Kva gjer du for å halde hagen i stand no i sommarvarmen? På Nigardsbreen er dei i full gang med å gjere klart til årets turistsesong. Det er mykje som skal sikrast både av stiar, bruer og bre for at det skal vere trygt å ferdast når ein ønskjer å sjå den flotte breen. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu.Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Produsent:
Erlend Blaalid Oldeide
Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu