Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

03.06.2013 2 t 49 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Velkommen til tre timar med lokalradio frå fylket med musikk, nyheiter, vêroppdatering og gode historier. Vi skal ta turen til ungar i Gloppen i dag som har laga fuglekassar. No er det fullt liv med fuglar der, og ei av kassene er ganske spesiell. Og i same kommune var det ein laksefiskar som hadde all grunn til å smile etter fisket i helga. 18 kilos laks er vel einkvar fiskars våte draum. I tillegg tek vi debatten om øl-salet i Førde, vi skal bli kjendt med den nye informasjonssjefen i Helse Førde og vi skal høyre korleis fylket kan satse på nisjeprodukt i reiselivet. Velkommen til sending!