Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane i dag

05.06.2020 2 t 57 min

Hurra! Det er fredag! Fredagsgjesten vår i dag er 199 cm på strømpelesten og har spelt volleyball på proffnivå både i Europa og USA. No skal han ha ansvar for den sportslege utviklinga til herrelanget til Førde volleyballklubb. Gulingen Eivind Molde fekk i dag Kulturdepartementet sin språkpris. Mykje snø i fjellet gjer at du skal vere ekstra obs når du ferdast i fjellheimen. Fredag betyr musikkrebus! Ha penn og papir klar! Tone Merete Lillesvangstu og Fredrik Helland står i studio. Vil du sende platehelsing, nyttar du e-post sf@nrk.no eller send ein SMS til 1987 med kodeord sf.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu