Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

01.06.2016 2 t 57 min

God ettermiddag i fjordfylket. Regjeringa vil meir enn halvere talet på skattekontor. Her i fylket er det føreslått å leggje ned fem av åtte kontor. Ein stor del av sauetapa til rovdyr skjer utanfor sonene der rovdyr fritt skal få leve. No kan det vere på tide å vurdere ein eigen tiltakspott til desse områda, går det fram av ein fersk rapport frå Norsk Instiutt for Bioøkonomi. I ettermiddagsendinga skal vi også innom ei bedrift som vart etablert i 2007 og som omsette for heile 27 millionar kroner i fjor. No har dei nett drege ei ny stor kontrakt i hamn. Etter førti år med idrettrørsla som arbeidsplass har Ingar Breilid sin første dag som pensjonist i dag. Breilid er gjest i ettermiddagsendinga.

Medvirkende

Programleder:
Stein Aase