Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

09.05.2016 2 t 57 min

God ettermiddag! Det populære sykkelrittet «Tour des Fjords» kjem til fylket neste år. I tillegg til dei norske favorittane Alexander Kristoff og Edvald Boasson-Hagen vil mange av dei største internasjonale sykkelstjernene køyre ritt i Norge i forkant av VM, for å bli kjent med tilhøva her. Ordførarane i dei fire vertskommunane, Balestrand, Gaular, Jølster og Førde ser stort potensiale i idrettsarrangementet som blir eit av dei største nokon gang i fylket. Frå eit lyspunkt i framtidas fjordfylket skal vi også skru tida tilbake i ettermiddagsendinga. Til slutten på eit mørkt kapittel i historia. For i dag er det er 71-år sidan Milorg-leiaren Ragnar Ulstein kom til Førde for å leite etter den frykta tyske torturisten Helmut Kløtzr. Store kontrastar i sendinga frå Nrk Sogn og Fjordane denne måndagen. For mannen som 1. mai skreiv seg inn i norsk fotballhistorie kjem til studio. Då dømde Tommy Skjerven sin 319. kamp på øvste nivå i Norge. Det er det ingen som har gjort før han.

Medvirkende

Programleder:
Stein Aase