Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

06.05.2016 2 t 57 min

God ettermiddag! Hotella i Sogn og Fjordane som laurdag kan bli råka av streik, vil halde ope så langt det let seg gjere. Ni verksemder i fylket blir råka når Fellesforbundet frå laurdag morgon trappar opp hotell- og restaurantstreiken,. Til saman 136 fagorganiserte i Sogn og Fjordane blir tekne ut. Vi skal sjå meir på konsekvensane i ettermiddagsendinga. Du skal også få høyre at dersom Møre og Romsdal skal slåast i hop med nokon, så må det vere med Sogn og Fjordane. Det seier tidlegare fylkesmann i Møre og Romsdal, Ottar Befring. Så skal du få høyre frå årets storhending for hesteinteresserte. 30 hingstar konkurrerar om dommerane sine poeng under den tradisjonsrike Hingsteutstillinga på Nordfjordeid denne veka. Heile 180 menneskjer møtte fram då ny bok blei presentert i Balestrand. I dag er mennene bak boka "Gryta i fjorden" gjestar i ettermiddagsendinga

Medvirkende

Programleder:
Stein Aase