Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

02.05.2016 2 t 57 min

God ettermiddag! Helikoptertrafikken frå oljeinstallasjonane i Nordsjøen er i gang igjen etter den tragiske ulukka ved Turøy i Øygarden fredag. I dag kjem oljearbeidarar frå Gjøa til Florø Lufthamn April er høgsesong for ein spesiell type sesongarbeidarar. I stover og arbeidsrom over heile fylket sit dei i timesvis med sirleg arbeid. Vi skal møte bunadsyerske Sigrun Seime i ettermiddagsending Vi skal også møte 22-åringen som måtte overnatte dinglande i ei korg 100 meter over nordfjorden. No, fire år etter lufteturen, er oppdraget han var ute på omsider fullført. Kristoffer Espelund er framleis kjend som "han som hang over fjorden". No spesialiserer han seg på nettopp denne typen oppdrag. Og fotballkommentator Arve Uglum hyller "nye" Sogndal etter poengdelinga mot serieleiaren på Fosshaugane i går.

Medvirkende

Programleder:
Stein Aase