Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

23.04.2013 2 t 49 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Velkommen til tre timar med lokalradio frå fylket med musikk, nyheiter, vêroppdatering og gode historier. Lurer du på korleis du skal handtere sjølvmeldinga di og korleis skatten din skal vere? Vi hjelper deg i denne sendinga med alt du måtte lure på når det gjeld skatt. Og det er ikkje Eli og Karl Kristian som skal svare, det kan de vere trygge for. Vi har sjølvsagt henta eksperthjelp. Og Jens Brekke snakkar om oppstandelsen, vi får høyre frå folk som tener milliardar av kroner og årets russelåt er kåra. Men er den fin? Du får høyre den i dag, og bu deg på å måtte nynne på den ut mai. Velkommen til ei variert sending sammen med oss!