Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

26.04.2016 2 t 57 min

God ettermiddag! - Flytande og uoversiktleg. Slik karaktriserer ordføraren i Eid kommunesamanslingsprosessen i Nordfjord etter folkerøystinga i Selje og Vågsøy i går. Lite realistisk å snakke om storkommune i Nordfjord, seier Alfred Bjørlo. Så skal politikarane i Jølster bestemme seg for kvar kommunegrensa skal gå i framtida. Eit knapt fleirtal av innbyggjarane røysta ja til å slå saman kommunen med Førde, Naustdal og Gaular. I dag skal kommunestyret gje sitt svar. Det er skjebnedag på Byrkjelo. Tine Meierier har konsernmøte, og dei tilsette håpar å få tilført nye oppgåver når konsummjølkproduksjonen blir flytta til Bergen. Eiit flynkande nytt fotballlag spelar sin aller første seriekamp i dag. Laget har store ambisjonar om å klatre fort oppover i seriesystemet..

Medvirkende

Programleder:
Stein Aase