Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

16.04.2014 2 t 57 min

Hei og velkommen til ettermiddagssendinga! Vi skal sjekke skiføret i fylket, snakke med dei som sit i beredskap heile påska i Norsk folkehjelp og Røde kors. Vi skal drikke kaffi på ein flunkande ny bar i Eid, vi skal ha besøk av ein som har sett meir enn dei fleste når det gjeld katastrofer og vi skal også høyre om Sunniva og Marte Kristine som overlevde ei bussulukke i Kenya der to av medelevande deira omkom. Dei komande tre timane er lokalradioen her for deg, og vi håpar du slår følgje utover denne onsdagsettermiddagen. Per Kristian Grimeland er nyhendeansvarleg og Marie Osland tek jobben på nettet utover ettermiddagen. Velkommen til sending!