Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

20.04.2016 2 t 57 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! I dag er det skjebnedag for kommunesamanslåing i HAFS. Askvoll kommunestyre er samla for å velje om dei vil satse på samanslåing med naboane Fjaler og Hyllestad i HAFS, eller å knytte seg til indre Sunnfjord. Avgjerda i Askvoll vil få konsekvensar for dei andre kommunane. Nesten kvar fjerde kyrkje i Norge står til forfalls. Det vil koste mellom 10-12 milliardar å renovere. Men kven skal ta rekninga? Kommunane har ansvaret, men seier dei ikkje har råd. Kyrkja sit på enorme verdiar gjennom sitt "eigedomsselskap" Opplysningsvesenets fond, men dei vil ikkje betale. På Nordfjordeid er det fylkesfinale i yrkesfag i dag. Nærare 50 elevar konkurrerer om tittelen årets fylkesmeister i ulike fag.

Medvirkende

Programleder:
Stein Aase