Distriktsprogram - Sogn og Fjordane

Radiosendingar frå NRK Sogn og Fjordane.

God ettermiddag Sogn og Fjordane

06.04.2018 2 t 48 min

God ettermiddag Sogn og Fjordane! Hurra, det er fredag! Kommunalminister Monica Mæland og regjeringa tilrår at det nye storfylket skal heite Vestland. Kva tykkjer du om det? Produsent Aage Åberge er i heimstaden Sogndal for å halde foredrag for unge mediespirer. Ein person er alvorleg skadd etter trafikkulykka på E16 i natt der fleire vogntog køyrde i kvarandre. For sjåførkollegaer er det tøft når slikt skjer. Statens vegvesen jobbar no med å få kartlagt alt som skjedde på vegen i tida før ulykka. Vi har alle ein fastlege. No ønskjer helseminsteren at vi skal møte eit heilt team av både helsesekretær og sjukepleiar når vi møter fastlegen. I studio står Tone-Merete Lillesvangstu.Har du tips til oss, eller vil du sende ei platehelsing? Eller kanskje har du rett og slett berre lyst til å ønskje deg ei god låt? Send SMS til 1987 med kodeord sf, eller ring 57 72 42 42.

Medvirkende

Programleder:
Tone Merete Lillesvangstu